Rørt Jordbær sylte Polka
Rørt Jordbær sylte Ingar
Rips og banansylte

4 kg fast og fin Inga                                         
1 kg sukker                                                       
1 1/2 pakke Certo frysepulver
Ta fram ein stor og ein liten bolle/eit kar. Veg opp 4 kg jordbær. Del bæra opp med grov rasp på foodprosessoren og tøm den over i den store bollen. Bland godt Certo og sukker i den lille bollen. Tøm sukker-Certoblandinga over i den oppdelte jordbæra. Rør med ei sleiv til du ikkje kjenner sukkeret knase lenger. Fordel den ferdige røresylta over i små frysebeger. Merk boksane og frys sylta.
Tips: Bruk gjerne eit litermål eller ein mugge med litt spiss tut til å ause sylta over i beger.