Rørt Jordbær sylte Polka
Rørt Jordbær sylte Ingar
Rips og banansylte

10 fine bananar
3 kg rips
1 kg sukker
1 pk Certo frysepulver

Ta fram ein stor og ein liten bolle/eit kar. Rens ripsa slik at der ikkje er rusk og stilk i den. Veg opp 3 kg og tøm dette over i eit stort kar. Bruk potetstampar og knus om lag halvparten av ripsa. Del bananen på langs i fire delar og ½ cm tjukke bitar. Bland opp i ripsa. Rør godt saman sukker og Certo, tøm denne over i bær/bananblandinga og rør med ei sleiv til sukkeret sluttar å knase. Fordel i små frysebeger. Merk boksane og frys.
Tips: